Johan Henrik Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå også Johan Cappelen (1889 - 1947) og Kontorsjef Johan Henrik Cappelen (1838 - 1900).
Johan Henrik Cappelen
Fødd 7. oktober 1795
Ulstein
Død

14. mars 1850
Bergen

Yrke embetsmann, politikar

Johan Henrik Cappelen (7. oktober 179514. mars 1850) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Cappelen kom til verda i Ulstein, der far hans var sokneprest. Han voks dels opp i Lom, der faren døydde i 1800, og i Vik i Sogn, då mor hans gifta seg med soknepresten der. Åra 1816-18 var han sekondløytnant, tok så juridisk eksamen i 1822. Han vart utnemnd til fut og sorenskrivar i Aust-Finnmark i 1826, budde då i Vadsø. I 1831 vart han fut i Ytre Sogn.

Cappelen var 4. representant for Finnmark på Stortinget 1833. Han var medlem av trykkekomiteen og av komiteen om tiend i Finnmark.

Han døydde i Bergen.

Han var far til kontorsjef i Stortinget Johan Henrik Cappelen (1838-1900).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]