Johan Henrik Frøstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Henrik Frøstrup
Fødd 11. desember 1852
Død

20. mai 1929

Yrke politikar, dommar

Johan Henrik Kintzell Frøstrup (11. desember 185220. mai 1929) var ein norsk jurist, embetsmann, stortingsrepresentant og ordførar i Arendal.

Frøstrup var fødd i Barbu, far hans var fut. Han vart student i 1870 og cand. jur. i 1874. Han var deretter fullmektig hos sorenskrivar, frå 1877 var han overrettssakførar i Arendal. Fram til 1902 dreiv han sakførarpraksisen, sidan var han byfut i Skien.

Han var ordførar i Arendal frå 1899-1901. Styreformann i Arendals sjøforsikringsselskap og i representantskapet for Nedenes sparebank.

Perioden 1900-03 var Frøstrup stortingsrepresentant for Høgre frå valkrinsen Arendal og Grimstad. På Stortinget var han medlem av justiskomiteen og sekretær i sjødugleikskomiteen.

Frøstrup vart gravlagd på Gjerpen kyrkjegard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914