Johan Thorne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Johan Henrik Paasche Thorne)
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Thorne
Johan Thorne.jpg
Fødd 18. august 1843
Drammen
Død

18. mai 1920
Moss

Yrke politikar, forretningsdrivande
Johan Thorne på Commons

Johan Henrik Paasche Thorne (18. august 184318. mai 1920) var ein norsk forretningsmann og politikar. Han var statsråd 1889-91 og 1893-94.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thorne var fødd i Drammen, han var son av Johan Frederik Thorne. Johan Thorne gjekk Drammens latinskole og praktiserte deretter som handelsmann. Han var og to år til sjøs. 21 år gammal tok han til som trelasthandlar og skipsreiar med base i Sarpsborg. Etter fem år, 1869, flytta han verksemda til Moss. Over åra kjøpte han opp store skogeigedomar i Østerdalen.

I mange år var Thorne medlem av bystyret i Moss, ordførar 1880-89. Samstundes var han direktør for sparebanken i byen (1875-86).

Thorne var stortingsrepresentant frå valkrinsen Moss og Drøbak i tre periodar, 1883-91. Han vart vald på nytt 1895-97 og 1903-06, begge gongene frå Smaalenene. På tinget var han seks fyrste sesjonane medlem av næringskomite nr 1. 1889 var han formann i same komiteen og medlem av valkomiteen. I 1891 var han medlem av både valkomiteen og militærkomiteen. I tida han representerte Smålenene var han innom ei rekke stortingskomitear, viktigast var posisjonen som formann i den kombinerte næringskomite nr. 1 og sosialkomiteen. I siste stortingsperioden, 1903-06 var han president i Stortinget. Han var ordførar for Stortinget sine utsendingar til kroninga i Trondheim i 1906.

Thorne var med i den fyrste Høgre-regjeringa. Han var statsråd frå 12. juli 1889 til 6. mars 1891. Dels var han ved statsrådavdelinga i Stockholm, dels styrte han Indredepartementet. Også til Emil Stang si andre Høgre-regjering kom Thorne med. Etter ti månaders virketid gjekk Thorne av den 3. mai 1894. Avgangen botna i misnøye med kompromissløysinga kring jarnbanesaka, og usemje med statsministeren i val av strategi i høve unionsspørsmålet. Han var elles medlem av unionskomiteen som stortinget sette ned i 1895.

1896 vart han vald til preses i Selskapet for Norges Vel. Han var kommandør av fyrste klasse av St. Olavs Orden.

I 1890 kjøpte Thorne herregarden Evje i Rygge, og busette seg der noko seinare. Han døydde i Rygge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]