Jan III Sobieski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Johan III Sobieski)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan III
Schultz John III Sobieski.jpg
Konge av Polen
Regjeringstid1674–1696
Kroning2. februar 1676
Fødd17. august 1629
FødestadOlesko i Polen
Død17. juni 1696 (66 år)
DødsstadWilanów, nær Warszawa
GravstadNotre-Dame de Bon-Secours i Nancy i Frankrike;
Wawel i Kraków i Polen
FøregangarMikhail Korybut Wiśniowiecki
EtterfølgjarAugust II den sterke
Gift medMarie Casimire Louise de La Grange d'Arquien
EktefelleMarie Casimire Louise
DynastiHuset Sobieski
FarJakub Sobieski
MorZofia Teofillia Daniłowicz
BornJakub Ludwik Sobieski
Teresa Teofila Sobieska
Adelaide Luise Sobieska
La Mannone Sobieska
Teresa Kunegunda Sobieska
Aleksander Benedykt Sobieski
Konstanty Władysław Sobieski
Jan Sobieski
Brisacier

Jan III Sobieski av huset Sobieski (17. august 162917. juni 1696) var ein av dei mest framtredande monarkane i Polen-Litauen, som konge av Polen og storhertug av Litauen frå 1674 til han døydde. Det 22 år lange styret til Sobieski innleia ein periode med stabilisering i realunionen etter «den svenske syndefloden» og Khmelnytskyj-opprøret. Han var populær blant undersåttane sine og var òg ein framragende militærleiar, mest kjent for å ha sigra over tyrkarane 13. september 1683 i slaget ved Wien. For sigrane sine over Det osmanske riket vart han gjeve oppnamnet «Lehistans løve» av tyrkarane og «Vaktar av trua» av dei kristne.

Jan Sobieski byrja den militære karrieren sin som 20-åring etter å ha utdanna seg ved Det jagellonske universitet og reist i tre år i Vest-Europa (han lærde seg tysk, latin, fransk, italiensk og seinare òg tyrkisk og tatarisk). I 1656 vart han Kongeleg Standartbærar, i 1665 Kongeleg Marskalk, i 1666 Kongeleg Feltshetman og i 1668 Kongeleg Storhetman.

Etter sigeren sin i slaget ved Wien – då han dreiv osmanarane ut av Austerrike og Ungarn – fekk han av Johannes Hevelius eit stjerneteikn kalla opp etter seg («Sobieskis skjold»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]