Johan Jæger Caroliussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Jæger Caroliussen
Fødd24. mai 1868
Død14. januar 1950
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Johan Jæger Caroliussen (24. mai 186814. januar 1950) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Bjørnskinn i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Venstre i åtte periodar; 1916-1945.

Caroliussen var son til ein husmann og fiskar i bygda Bjørnskinn på Andøya i Nordland. Han reiste i si fyrste fiskje vinteren 1884, 15 år gammal. 19 år gammal skaffa han seg eigen båt, og låg på Langenes om vinteren og på Andenes om sommaren. Frå 1900 dreiv han fiske med dampskip. Han var gardbrukar i Bjørnskinn frå 1895, fyrst som forpaktar.

Caroliussen var medlem i Dverberg heradsstyre 1898-1907 og 1910-28, varaordførar i ni år. Valperioden 1913-15 var han varamann til Stortinget frå Vesterålen krins. Ved stortingsvalet 1915 vart han vald til stortingsmann frå einmannskrinsen Vesterålen for perioden 1916-18. Sidan vart han attvald i alle stortingsvala føre andre verdskrigen, frå 1922 representerte han landdistrikta i Nordland fylke. Han var medlem 1916-21 i Landbrukskomiteen og 1922-30 i Vegkomiteen. Frå 1931 til -40 var han nestformann i Post-, telegraf- og kystfartkomiteen. Caroliussen var landsstyremedlem i Venstre 15 år, 1924-39.

I 1909 var Caroliussen medlem i ein departemental komite som skulle sjå Lofotlova, og i 1921 av den såkalla Feitsildlovkomiteen. Han var medlem i Riksskattestyret frå 1926 til 1945.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]