Johan Jørgen Broch (II)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Jørgen Broch
Fødd 24. juni 1802
Kristiansand
Død

22. juni 1861

Yrke prest, politikar

Johan Jørgen Broch (24. juni 180222. juni 1861) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiansand.

Broch var fødd i Kristiansand, der faren var bakarmeister. Sjølv vart han student i 1821 og cand. theol. i 1826. Han var sokneprest i Tranøy 1826-36 og Ibestad 1836-37. Frå 1837 til han døydde var han sokneprest i Tveit.

Stortinget 1836 og overordentleg storting 1836-37 representerte Broch Finmarkens amt. Han var medlem av Lagtinget, og dermed riksretten i 1836. Også medlem av budsjettkomiteen, medan han i 1836-37 var medlem av gasjekomiteen.

Broch døydde på prestegarden i Tveit i 1861.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914