Johan Ludvig Johannesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Ludvig Johannesen
Fødd 6. august 1879
Borge i Østfold
Yrke politikar

Johan Ludvig Johannesen (fødd 6. august 1879) var ein norsk kommunearbeidar frå Lilleby i Borge i Østfold, stortingsmann for Arbeidarpartiet 1934-45.

Far hans arbeidde på sagbruk. Han tok sjølv til sagbruksarbeidar i Fredrikstad og Borge og var inn i mellom steinhoggar. Frå 1917 var han kommunearbeidar i Fredrikstad.

Johannesen var medlem i Fredrikstad bystyre periodane 1910-19, 1925-33 og i 1945, varaordførar 1931-33. Elles var han medlem i forliksrådet 1915-18 og skulestyret 1920-22. Hausten 1933 vart han vald til å representere dei fem kjøpstadene i Østfold og AkershusStortinget, attvald i 1936. Fyrste treårsbolken var han medlem i Protokollkomiteen og sidan sekretær i komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]