Johan Ludvig Losting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Ludvig Losting
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1810
Bergen
Død

31. mars 1876 (65 år)
Bergen

Yrke illustratør, kunstmålar, grafikar
Johan Ludvig Losting på Commons
Den gamle stortingssalen var teikna av Johan Ludvig Losting

Johan Ludvig Losting (11. september 181031. mars 1876) var ein norsk målar, teiknar og litograf frå Bergen.

Losting var elev ved Tegneskolen i Christiania frå 1824 til -26. Han begynte som portretteiknar, men utdanna seg til litograf i Tyskland og laga ei rekke prospekt, portrett og anna for Georg Prahl sitt offisin i Bergen.

Til Carl Wilhelm Boeck og Daniel Cornelius Danielssen sitt store verk om leprasykja som kom i 1847, laga Losting 24 kolorerte litografiske plansjar etter akvarellar han sjølv hadde måla. År 1850 budde han ei tid i Paris. Med inntrykk derifrå illustrerte han Hudens sygdomme, eit verk av dei førnemnde to legane og som kom ut i tida 1855-62.

Losting arbeidde i tillegg som teiknelærar, ornamentteiknar, forgyllar, teater-, dekorasjons-, fane- og altertavlemålar. Han teikna dessutan ei mengd landskapsskisser under sine mange reiser i inn- og utland. Gjennom fleire ulike typar tillitsverv arbeidde han iherdig for kulturlivet i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]