Johan Ludvig Widding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Johan Ludvig Widding (29. juni 181115. mars 1872) var ein norsk lærar, kyrkjesongar og gardbrukar frå Torsnes i Østfold. Han var stortingsrepresentant 1871-72 frå Smålenene.

Widding var son til ein lærar og kyrkjesongar. Han var sjølv lærar og kyrkjesongar i Borge prestegjeld frå 1827 til 1850. Sidan var han gardbrukar på Laverød i Borge til han døydde. I Borge var han i årevis med i så vel heradsstyre og formannskap, som skulestyret.

Frå 1853 var Widding fleire gongar valmann ved stortingsval. I 1870 vart han vald til 3. representant frå Smålenene for perioden 1871-73. På Stortinget var han medlem i Militærkomiteen. Widding døydde brått i Kristiania.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Adressetidende for Brevig, Stathelle, Langesund, Bamble og Eidanger, tirsdag 19. mars 1872