Hopp til innhald

Johan M. A. Dokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan M. A. Dokka
Fødd30. august 1881
Kongsberg kommune
Død7. januar 1972 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Johan Martinius Antonsen Dokka (30. august 18817. januar 1972) var ein norsk byråkrat og politikar frå Kongsberg som representerte kjøpstadene i Buskerud og partiet Venstre i Stortinget 1931–1933.

Dokka var frå ein gard i Jondalen. Sjølv fekk han jobb hos ein sakførar i Kongsberg by. I 1912 søkte han seg over i det kommunale, med di han vart tilsett som rekneskapsførar for elektrisitetsverket i Kongsberg. Han arbeidde i selskapet som kontorsjef heilt fram til 1948.

Dokka sat i Kongsberg bystyre frå 1920 til 193?, samt medlem i skulestyret frå 1926. Hausten 1930 vart han vald til å representere kjøpstadene Drammen, Hønefoss og Kongsberg i Stortinget, vald på ei fellesliste for Høgre og Venstre. På Stortinget fekk han setet i Administrasjonskomiteen.