Johan M. Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan M. Jørgensen
Fødd 23. april 1855
Død

1937

Yrke politikar

Johan Michael Jørgensen (23. april 18551937) var ein gardbrukar, snikkar, lensmann og stortingsmann frå Skjerstad i Nordland. Han var medlem av Venstre.

Jørgensen var son til ein gardbrukar på Hoset i Skjerstad. Han overtok farsgarden i 1887 og dreiv elles med snikkarverksemd. I 1892 overtok han leiinga av kanalbygginga i elva Sulitjelma. Han budde på Moen i Fauske til 1909. Frå då var han lensmann i Fauske og busette seg sentralt i bygda.

Jørgensen var ordførar i Skjerstad 1887-92 og 1901-04. Då Fauske vart skilt ut som eige herad i 1905 var han ordførar der til han vart lensmann i 1909. Perioden 1903-06 var han Nordlands amt sin 4. representant til Stortinget. Han var då medlem av vegkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]