Johan M. Nyland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan M. Nyland
Fødd6. oktober 1931
Død13. april 2007 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Johan M. Nyland (6. oktober 193113. april 2007) var ein norsk arbeidar og politikar frå Østre Toten. Han var fylkesvaraordførar i Oppland 1976-87 og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og Oppland i tida 1985-97.

Nyland var son til ein bakar. Etter å ha gått bygningslinja på ein yrkesskule i 1946/47, vart han tilsett som læregut ved Mustad-fabrikken på Gjøvik. Ved Mustad vart han engasjert i fagforeiningsarbeid, og i perioden 1964-68 var han nestformann i Brusveen jern og metall. Nyland arbeidde i Mustad-konsernet til han i 1985 vart vald inn på Stortinget.

24 år gammal vart Nyland vald inn i kommunestyret i heimbygda Østre Toten. Han var medlem av kommunestyret i 20 år til 1975, dei siste fire åra var han varaordførar i kommunen. Deretter var Nyland fylkestingsrepresentant i Oppland i tolv år, alle desse åra 1976-87 var han varaordførar i fylket.

Ved stortingsvalet hausten 1985 fekk Nyland fast stortingsplass frå Oppland. På Stortinget var han dei neste tolv åra medlem av Samferdselskomiteen. Mest kjend var han for sitt engasjement i jarnbanepolitikken. Som totning og representant for Oppland var han særleg oppteken av Gjøvikbanen, men han var også ein av forkjemparane for bygging av Gardermobanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]