Johan M. Staff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan M. Staff
Fødd11. november 1843
Død2. mars 1919 (75 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Johan Martinius Staff (fødd 11. november 1843) var ein glasmeister og stortingsmann frå Kristiania. Han var venstremann.

Staff var son til ein bakarmeister. Sjølv gjekk han seks år i glasmeisterlære. Fram til 1871 var han fullmektig ved 'Biri glasverk', ei tid òg fungerande styrar. Den lange perioden 1871-1911 var han fullmektig ved 'Høvik glasverk', deretter gjekk han inn i stilling som kontorsjef på glasverket.

Staff representerte Akershus amtStortinget valperioden 1886-88. Han var då medlem av tollkomiteen. Frå 1889 var han medlem av Bærum heradsstyre i om lag femten år, eit år varaordførar. Forlikskommissær 1901-03, og hadde elles mange kommunale verv.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914