Johan Martens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Martens
Fødd 1861
Død

1932

Yrke politikar

Johan Martens (20. november 186119. desember 1932) var ein norsk meklar og idrettsleiar frå Bergen. Martens var i mange år ein mektig mann i Bergen, både som skipsmeklar og i næringslivet elles, samt i politikken og frimureriet. Særleg varige spor sette han likevel gjennom sin pionerinnsats som idrettsorganisator i Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Martens sine interesser var mangfaldige, og med stor entusiasme engasjerte han seg i ei rad saker til beste for heimbyen og idretten. Etter handelsskule og eitt års vidareutdanning i Storbritannia gjekk han i 1890 inn i faren sitt skipsmeklarfirma, medeigar i 1900 og eineeigar då faren døydde to år etter. I tillegg dreiv han assuranseforretning og var frå 1900 autorisert translatør i engelsk. Han var i si tid med å stifte både Bergen Skipsmeglerforening og Norges Skipsmeglerforbund, leiar av begge organisasjonane i årevis. I politikken representerte Martens partiet Venstre i Bergen bystyre 1899–1901, 1908–10 og 1926–28.

Martens var òg med stifte Bergens Turnforening i 1882. Han var så formann i Bergen Turn til 1888 og på ny 1892–97. Også i Bergen Roklubb gjorde han ein pionerinnsats som formann 1887–95. I 1890 tok han del då det fyrste særforbundet i norsk idrett, Norges Gymnastikk- og Turnforbund, vart skipa. Sidan var han 1899–1911 president i NGTF. År 1910 tok han initiativet til danninga av Norges Riksforbund for idræt og var president i forbundet fram til 1914.

Martens vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1907 for sin innsats for idretten. Turnforbundet utnemnde han til heidersmedlem i 1914 og tildelte han forbundet si gullmedalje. Martens var «et hjertemenneske med gode intensjoner, og like harmonisk i aktiv utøvelse som ivaretagelse av de representative oppgaver som ble betrodd ham».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Noorsk biografisk leksikon