Johan Michelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Michelet

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. november 1905
Øymark kommune
Død

4. mai 1984 (78 år)
Oslo

Yrke kunstmålar

Johan Fredrik Michelet (21. november 19054. mai 1984) var ein norsk målar og kunstskribent frå Øymark i Østfold, kjend for si abstrakte form for impresjonisme. Han var far til Jon Michelet.

Etter examen artium studerte Johan Michelet tekniske fag og jobba som konstruksjonsteiknar i private firma. Han gjekk så i lære ved Statens håndverks- og kunstindustriskole under Per Krohg og Carl von Hanno. Saman med fleire andre norske målarar hadde han André Lhote til læremeister i Paris i 1936-37. Der etter studerte han tre år ved Statens kunstakademi i Oslo under Jean Heiberg og Georg Jacobsen.

Michelet deltok i Høstutstillinga fyrste gongen i 1938. Han byrja «som lyrisk landskapsskildrar, men gjekk over til ei abstrahert form med sterke fargar og konturdelte felt». Etter verdskrigen nytta han Houens legat til eit halvt års opphald i Paris i 1947 og byrja likne litt på Pablo Picasso. Han var i fleire tiår kunstmeldar, føre 1950 i Morgenbladet, sidan i Verdens Gang. Michelet gav ut fleire bøker om kunst, i 1951 kom Moderne maleri. Fra illusjon til abstraksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]