Johan Nicolaisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Nicolaisen
Fødd 18. desember 1847
Byneset
Død

1929

Yrke låtskrivar

Johan Nicolaisen (18. desember 18471929) var ein norsk skulemann frå Byneset i Sør-Trøndelag, lærar og overlærar i folkeskulen i Oslo i femti år.

Nicolaisen var son til ein husmann. Han gjekk Klæbu seminar og tok lærarprøva i 1867. I 1869 flytta han til hovudstaden der han underviste i folkeskulen til 1919. Frå 1902 til 1920 var han medlem og seinare formann i Lærarskulerådet.

Nicolaisen gav «ut viktige arb[eid] om opplæringa i rekning og morsmål i folkeskulen». Dessutan stod han som forfattar av reknebøker, barneforteljingar og barnesongar med «friske melodiar». Mellom anna laga han både tekst og melodi til «Mot i brystet» og han omsette «Alle fugler små de er» til norsk. Til 70-årsdagen vart han heidra med eit stort festskrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]