Johan O. Asmundvaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan O. Asmundvaag
Fødd9. april 1880
Hitra
Død21. august 1946
Hitra
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, bankkasserer, Lensmann

Johan Olaus Olsson Asmundvaag (9. april 188021. august 1946) var ein norsk gardbrukar, bankkasserar og Høgre-politikar frå Hitra. Han var ordførar i Hitra i til saman seks år og stortingsrepresentant i tre periodar frå 1931 til 1945.

Asmundvaag var son til ein gardbrukar og tok i 1901 eksamen ved underoffisersskulen i Trondheim. I 1904 tok han over garden Hofstad i Hitra og var frå 1906 også kasserar i Hitra Sparebank. Samstundes deltok han i militærstellet, fyrst som sersjant frå 1908 og løytnant frå 1930. Frå 1938 var han lensmann i Hitra og Kvenvær til han døydde.

Asmundvaag var i fleire periodar medlem av heradsstyret i Hitra, ordførar 1913–16 og 1922–25, samt varaordførar 1931–34. Elles hadde han ei mengd offentlege verv, så som overformyndar i 24 år, formann i fattigstyret, overlikningsnemnda, verjerådet, soknerådet, krinssjukekassa, medlem i skulestyret, forliksrådet og utskiftingsmann,

Frå 1931 til 1945 var Asmundvaag stortingsmann frå landkrinsane i Sør-Trøndelag. Han var 1931-36 medlem i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen og 1937-45 medlem i Veg- og jarnbanekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]