Johan Peter Holtsmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Peter Holtsmark

Johan Peter Holtsmark i 1936
Foto: Hilfling-Rasmussen/NTNUUB
Fødd13. februar 1894
Asker
Død10. desember 1975 (81 år)
Bærum
NasjonalitetNorsk
OmrådeFysikar
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs tekniske høgskole
Alma materUniversitetet i Kristiania
Kjend forHoltsmark feltdistribusjon
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Johan Peter Gabrielsen Holtsmark (fødd 13. februar 1894 i Asker, død 1975) var ein norsk atomfysikar. Han var bror til filologen Anna Holtsmark (1896–1974), ingeniøren Bernt Holtsmark (1899), Marie Holtsmark (1902–) og kunstnaren Karen Holtsmark (1907–1998).

Holtsmark var tidleg interessert i fysikk og deltok i Fysisk Selskab (seinare Norsk Fysisk Selskap) alt i 1907, der han seinare vart leiar (1958–60). Han studerte ved Det Kongelige Frederiks Universitet (1911–19) der han mottok dr.philos. (1918) med ei avhandling om intensitetsforløpet i seriespektra skapt ved katodestråle. Etter ein turne til Universitetet i Würzburg, Universitetet i Leipzig, Universitetet i Göttingen, og Universitetet i London (1919–20), arbeidde han ein periode som lektor i Oslo (1921-1923). Han vart engasjert som professor etter Sem Sæland ved den nylig oppretta linja for teknisk fysikk ved NTH (1923) der han arbeidde fram til 1943, då han vendte attende til Universitetet i Oslo, der han arbeidde fram til 1964.

Ved NTH bygga han under rettleiing av Odd Dahl, den første Van de Graaff-generatoren i landet (1933–37). Holtsmark hadde elles særskild interesse for akustikk og oppretta det akustiske forskingslaboratoriet (1929) ved NTH, der han assistert av Reno Berg og andre. Han var mellom anna rettleiar for Vebjørn Tandberg og Erik Julsrud. Han gjesta akustikk-laboratoria ved Siemens og AEG (1930) og var medlem i den amerikanske akustikarsamskipnaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]