Johan Richard Krogness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Richard Krogness
Fødd 11. mars 1814
Trondheim
Død

3. februar 1872

Yrke politikar

Johan Richard Krogness, også kjend som J. R. Krogness, (11. mars 18142. februar 1872) var ein kjøpmann, næringsdrivar og stortingsmann frå Trondheim.

Krogness var son til ein kjøpmann. Han vart student i 1835 og tok andre-eksamen. Etter ei tid som jus-student i Kristiania braut han av studiane og tok til som kjøpmann i fødebyen Trondheim. I 1845 busette han seg i Hommelvik, der han dreiv eit stort teglverk. Han var ordførar i Strinda i mange år.

Krogness representerte Søndre Trondhjems amtStortinget frå 1854 til han døydde, men deltok ikkje i 1871-sesjonen grunna sjukdom. På Tinget stod han for ei liberalistisk linje, nært knytt til karar som Johan Sverdrup, Ole Richter og Johannes Steen.[1] Krogness var medlem av budsjettkomiteen frå 1854 til -60 og på ny frå 1865 til -69. Elles var han 1854 og 1862-63 medlem av komiteen om stortingsbygningen, 1859-60 av komiteen om stathaldarsaka, 1857 og 1868-69 av jarnbanekomiteen, 1864 av komiteen om den dansk-tyske krig og 1868-69 av røysterettskomiteen. Krogness var medlem av deputasjonane som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm i 1860 og til opninga av jarnbanen mellom Kristiania og Göteborg i 1862.

Krogness døydde i Trondheim i februar 1872, då han var på veg til Stortinget i Kristiania.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hans Try:To kulturer * En stat:448, 1979

Kjelder[endre | endre wikiteksten]