Johan Rye Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Rye Holmboe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1863
Tromsø kommune
Død

29. mai 1933 (69 år)

Yrke politikar, forretningsdrivande
Språk norsk
Politisk parti Frisindede Venstre
Far Conrad Holmboe

Johan Henrik Rye Holmboe (28. november 186529. mai 1933) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Tromsø. Han var stortingsrepresentant for Frisinna Venstre frå 1919 til 1927, provianteringsminister 1920-21 og handelsminister 1923-24.

Holmboe var son til ein grosserar. Han arbeidde i yngre år for faren. I 1882-83 gjekk han i lære på eit forretningskontor i Skottland, og i 1885/86 studerte han fiske-bedrifter på austkysten av Nord-Amerika. Ei tid etter han kom heim til Noreg starta han opp eiga forretning i Tromsø og i 1888 ein tønnefabrikk. Han dreiv også eksporthandel med fisk, og fekk i 1907 bygt ein sildemjøl- og tranfabrikkk. Elles var han frå 1892 direktør for Haalogaland Dampskibsselskap, og frå 1896 for Tromsø Amts Dampskibsselskab.

Også politisk spelte Holmboe ei sentral rolle i Tromsø. Han var medlem i bystyret i samanhengande 42 år, 1889 til 1931, dei fleste åra i formannskapet. Frå 1919 til -27 var han stortingsrepresentant, fyrste tre åra for kjøpstadene i Nord-Noreg, sidan for Troms fylke. På Stortinget var han sekretær i Protokollkomiteen til han 21. juni 1920 vart leiar av Provianteringsdepartementet i Otto B. Halvorsen si fyrste regjering. Ganske nøyaktig eitt år seinare gjekk regjeringa av, og Holmboe var så medlem i Militærkomiteen frå juni 1921 til 6. mars 1923. Då vart Holmboe utnemnd til handelsminister i Halvorsens andre regjering. Han fekk behalde statsrådposten også etter at Halvorsen døydde i mai månad, og Abraham Berge tok over som leiar av regjeringa. I juli 1924, på tampen av sesjonen, måtte Berge-regjeringa gå av. Holmboe var heile valbolken 1925-27 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Til liks med statsministeren og alle statsrådane i Berge-regjeringa, vart Holmboe i 1926 stilt for riksrett. Regjeringa var tiltalt for ikkje å ha informert Stortinget om at ho hadde gitt statsstøtte til Den norske Handelsbank. Saka enda med at alle dei tiltale vart frifunne i mars 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]