Johan Salomon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Salomon


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1997 (26 år)
Oslo
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakkolympiaden 2014

Johan Salomon (fødd 7. mai 1997) er ein norsk sjakkspelar, Stormeister i sjakk og Noregsmeister i sjakk for 2016.

Internasjonal Meister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Johan Salomon vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale turneringar. I Ungdoms-VM i sjakk i desember 2013 i Al Ain tok han 6,5 poeng på 10 rundar i U-16-klassa. I Tradewise Gibraltar Chess Open i januar-februar 2014 tok han 6 poeng på 10 rundar, og i same turnering i januar-februar 2015 tok han 6,5 poeng på 10 rundar. Han var eit heilt poeng over IM-kravet i den siste turneringa. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han også med 2401 pr. 1. mars 2015.[1] Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-møtet i Chengdu, Kina 26-29. april 2015.

Noregsmeister i sjakk for 2016[endre | endre wikiteksten]

Johan Salomon vann Noregsmeisterskapen i sjakk i Tromsø i juli 2016, med 6,5 poeng på 9 rundar. Sigeren var med minst mogleg margin, stormeister Kjetil A. Lie fekk også 6,5 poeng, men kvalitetspoenga, berekna etter kor mange poeng motstandarane til dei to fekk, viste lik førstekvalitet, og berre eit halvt poeng forskjell på andrekvaliteten. Johan Salomon hadde ein dårleg start på turneringa, med berre 1,5 poeng på dei 3 første rundane, og tap også i femte runde. Men fire strake sigrar i dei fire siste rundane gav han altså NM-tittel og kongepokal.[2]

Stormeister sjakk i 2017[endre | endre wikiteksten]

Johan Salomon tok eit stormeisternapp ved vinne den opne sjakkturneringa i Sitges, Barcelona i juli 2015, med 7,5 poeng på 9 rundar, eit halvt poeng over stormeisterkravet.[3]. Han tok deretter eit nytt stormeisternapp ved delt førsteplass i stormeistergruppa i invitasjonsturneringa Manhem Schackvecka i Mölnlycke, Göteborg, Sverige med 6,5 poeng på 9 rundar.[4] Det tredje stormeisternappet kom i Dubai i april 2017, med 6 poeng på 9 rundar. Prestasjonen denne turneringa gjorde også at han kom seg over kravet om eigen rating på 2500.[5] Johan Salomon vart dermed den 14. norske stormeisteren i sjakk. Den offisielle utnemninga frå verdssjakkforbundet FIDE kom 9. august 2017.[6]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Søknaden om IM-tittel for Johan Salomon frå Norges Sjakkforbund
  2. Resultatlista Eliteklassa NM 2016
  3. Matt og Patt 31. juli 2015
  4. Matt og Patt 19. august 2016
  5. Matt og Patt 11. april 2017
  6. FIDE tittelutnemningar 2. kvartal 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]