Johan Schjefloe
| Johan Schjefloe | |||
| Fødd | 15. august 1789 Sparbu | ||
|---|---|---|---|
| Død | 11. mars 1853 (63 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | bonde, politikar, lærar | ||
| Alle verv |
| ||
Johan Kristian Schjefloe (15. august 1789–11. mars 1853) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Sparbu i Nord-Trøndelag.
Far hans var gardbrukar på Seim i Sparbu og styrar av eit verk. Schjefloe var skulehaldar i Sparbu frå 1809, frå 1814 var han også gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret 1838-50, ordførar 1838-42. Vidare var han forlikskommissær 1841-45 og kyrkjeverje i 29 år, samt vaksinatør i over 20 år.
Schjefloe representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1824-28 og 1833-37. Både i 1824 og 1827 var han medlem av komiteen for jordbruk og fedrift. I 1833 var han medlem av komitear vedkomande gasjar, pensjonar, budsjett og skattestell, medan han i 1836 var med i budsjettkomiteen og på omframstortinget 1836-37 om utreiarlova av 1824.
Ved valet til 1830-stortinget vart det hindra at han vart vald.
Schjefloe døydde på garden sin i Sparbu i 1853.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Johan Schjefloe ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør