Johan Stinessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Stinessen
Fødd 6. mai 1861
Død

24. februar 1929

Yrke politikar

Johan Sedelen Stinessen (6. mai 186124. februar 1929) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Roan. Han var medlem av Venstre.

Stinessen var son til ein gardbrukar på Kiran i Roan. Han vart underoffiser i 1883, og var frå 1886 til -89 hamnepoliti og arbeidde på sakførarkontor i Kristiansund. Han kjøpte seg gard i heimbygda i Roan, men hovudyrket var som handelsfullmektig på Bessaker. Stinessen, som var ugift, var frå 1908 postopnar på Bessaker og vart same året utnemnd til havarikommissær.

Stinessen kom med i heradsstyret i Roan i 1893, varaordførar 1894-97 og 1991-22. Frå 1907 til -19, samt 1922-25 var han ordførar i Roan. Perioden 1913-15 var han krinsen Ytre Fosen sin representant til Stortinget, der han var medlem av militærkomiteen. På ny stortingsmann frå nyår 1928, då nestformann i post- og telegrafkomiteen til han døydde.

Han døydde av kreft på Bessaker i 1929.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]