Johan Svendsens plass

Koordinatar: 59°54′47.995″N 10°43′44.969″E / 59.91333194°N 10.72915806°E / 59.91333194; 10.72915806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′47.995″N 10°43′44.969″E / 59.91333194°N 10.72915806°E / 59.91333194; 10.72915806

Johan Svendsens plass med Oslo Konserthus i enden av plassen, og med eit kontorbygg med kino på høgre side.
Foto: Helge Høifødt

Johan Svendsens plass er ein open plass i sentrum av Oslo, framfor hovudinngangen til Oslo Konserthus, og med tilgang frå Ruseløkkveien. Plassen er taket på ein bygning som no hysar Stenersenmuseet, tidlegare Club 7, og vart bygd i samband med bygginga av konserthuset for å gje tilkomst til det.

Namnet har plassen fått etter komponisten og dirigenten Johan Svendsen, som er fødd i denne luten av byen, Vika, 30. september 1840. Han stod i brodden for å få skipa den musikkforeininga og det orkesteret som med tida har utvikla seg til å verte Oslo Filharmoniske Orkester, som har tilhald i konserthuset.

Skulpturane på plassen er «Heptakord» (til venstre på fotografiet) av Turid Angell Eng og «Jordmusikk» av Harald Oredam. Ein skulptur av Stinius Fredriksen til minne om Johan Svendsen er sett opp i Munkedamsveien attmed sceneinngangen til konserthuset, flytta frå sin opphavlege stad på plassen mellom nedgangen til Nationaltheatret T-banestasjon og Nationaltheatret.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]