Johan Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Sverdrup
Johan Sverdrup porträtt.jpg
Fødd30. juli 1816
Tønsberg
Død17. februar 1892 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, redaktør, journalist, advokat
FarJacob Liv Borch Sverdrup
VervNorsk statsminister 18841889
FøregangarChristian Homann Schweigaard
EtterfylgjarEmil Stang d.e.
VervNorsk forsvarsminister 1885–1889
EtterfylgjarEdvard Hans Hoff
VervPartileiar for Venstre 1884
EtterfylgjarOle Anton Qvam

Johan Sverdrup (30. juli 181617. februar 1892) var ein norsk politikar for Venstre og statsminister i tida 1884-1889. Han vert ofte kalla faren til den norske parlamentarismen.

Sverdrup kom inn på Stortinget i 1850, først som representant for Jarlsberg og Larvik amt og sidan for Akershus. Han var stortingspresident frå 1871 til 1884, som var den tida ordskiftet om parlamentarismen vart ført. Han bygde opp eit sterkt politisk parti (Venstre) med støtte frå bøndene, og klarte å etablera ei sterk konstitusjonell regjering som praktisk talt øydela den kongelege politiske makta. Sverdrup ønskte at Stortinget skulle vere den dominerande statsmakta, at stemmeretten burde utvidast for å styrka Stortinget, og at statsrådane burde delta i stortingsmøta for at Stortinget skulle få større innverknad på dei.

Sverdrup sette i verk 89 lovforslag i løpet av sin periode, som mellom anna var reformer av rettssystemet. Han klarte derimot ikkje å gjera dei radikale tilhengjarane av partiet, og måtte søka støtte hos liberal-moderatane. Han blei tvinga til å gå av i 1889 og døydde 17. februar 1892 i Kristiania (i dag Oslo).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]