Johan Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Thoresen

Fødd6. februar 1857
Kirkebygda
Død23. juli 1918 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, kroppsarbeidar, predikant
Alle verv

Johan Thoresen (28. januar 185723. juli 1918) var ein arbeidsleiar og stortingsmann frå Enebakk. Han representerte HøgreStortinget i 15 år.

Thoresen var son til ein husmann som døydde då sonen var ung. I 12-årsalderen måtte han byrje å arbeide ved Lillestrøms dampsag og høvleri. 16 år gammal vart han sagmeister og frå 1899 var han arbeidsformann på saga.

På Lillestrøm fekk Thoresen ei mengd offentlege og private verv; mellom anna var han formann i Lillestrømmens ynglingeforeining i 13 år og i Skedsmo indremisjonsforeining i ni år.

Thoresen representerte Akershus amt og Høgre/Samlingspartiet på Stortinget i fem samanhengande valbolkar frå 1892. Han var medlem 1892-93 av Næringskomite nr 2, sidan av Sosialkomiteen frå 1893 heilt fram til han i 1906 forlet Stortinget. I si siste valperiode, 1903-06, var han også medlem av Valkomiteen og Arbeidsløysekomiteen.

Thoresen døydde på Lillestrøm «av lungebrune etter den spanske sjuken».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Den 17de Mai, 25.7.1918