Johan Undrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Undrum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1880
Undrumsdal
Død

14. mars 1940 (59 år)

Yrke politikar, politi
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Johan Undrum (7. oktober 188014. mars 1940) var ein norsk lensmann og stortingsrepresentant frå Undrumsdal i Våle i Vestfold. Han møtte på Stortinget for partiet Høgre og valkrinsen Østfold i åra frå 1931 til 1940.

Undrum var son til ein styrmann, og gjekk på Jarlsberg og Larviks amtsskole i 1897/98. Frå 1898 var han lensmannsbetjent i Ramnes, og fungerande lensmann 1900-03. Åra 1904-06 var han lensmannsfullmektig i Sem, før han i januar 1907 vart lensmann i Svelvik og Strøm. Den 1. oktober 1915 skifta han beite og var sidan lensmann i Skjeberg.

Perioden 1910-15 var Undrum medlem i Svelvik kommunestyre, medan han 1919-22 og frå 1925 var med i Skjeberg heradsstyre. I Svelvik var han styreformann i den lokale sparebanken, og i Skjeberg var han formann i forliksrådet og medlem i soknerådet.

Valperioden 1925-27 var Undrum 2. varamann frå Østfold, og møtte då nokre veker i 1926. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald inn på Tinget for Høgre, attvald 1933 og 1936. Han var 1931-33 medlem i Lovkomiteen, og frå 1934 nestformann i Protokollkomiteen til vart permittert i februar 1940, ein liten månad før han døydde. Undrum var sentralstyremedlem i Høgre i tida 1928-33.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]