Johan von der Fehr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan von der Fehr
Fødd 8. juni 1833
Askøy
Død

20. september 1906
Norheimsund

Yrke fotograf
Johan von der Fehr på Commons
Portrett av ei kvinne med blomar. Tilhøyrer Nasjonalbiblioteket.

Johan von der Fehr (fødd 8. juni 1833 på Strudshavn i Askøy, død 20. september 1906 i Norheimsund) var ein norsk daguerreotypist og fotograf. Han arbeidde òg som målarmeister, dyrka frukt, var gartnar og gardbrukar.

I 1853 starta han som daguerreotypist i Bergen for ei kort tid, men kom att igjen i starten av 1860-åra. I ein periode dreiv han atelieret Brødr.Larms atelier saman med sonen Johan.

Frå 1898 budde von der Fehr i Norheimsund og levde som gardbrukar og fotograf fram til han døydde.

Fotografia etter Johan von der Fehr finst mellom anna hos Voss folkemuseum, Vevelstad historielag, Oslo Bymuseum, Norsk folkemuseum og i arkivet etter Den Nationale Scene i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johan von der Fehr