Johann Ambrosius Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett måla av Johann David Herlicius i 1685.

Johann Ambrosius Bach (ca. 22. februar 164520. februar 1695)[jul. 1] var ein tysk musikar, far til Johann Sebastian Bach.

Johann Ambrosius Bach var fødd i Erfurt som tvilling til Johann Christoph Bach. Som son av Christoph Bach, bymusikar i Arnstadt, fekk Ambrosius tidleg ei musikalsk utdanning. Eit år etter at faren døydde i 1661 drog han frå Arnstadt for å reisa rundt som bymusikar-lærling.

I 1667 fekk han ei stilling i Ratsmusikanten i Erfurt, som då var leia av onkelen Johann.

Johann Ambrosius Bach gifta seg i Kaufmannskirche med Maria Elisabeth Lämmerhirt frå Erfurt. Dei fekk åtte barn, fire av dei med musikalske løpebanar. I 1671 slo familien seg ned som bymusikant i Eisenach, der mellom anna Johann Sebastian Bach blei fødd. Bach levde livet ut i Eisenach.

Det er ikkje kjend om Johann Ambrosius Bach komponerte, men han har tyding som grunnleggjar av samlinga komposisjonar av eldre medlemmer av Bach-familien som seinare er blitt kjent som Altbachisches Archiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Dei oppgjevne datoane følgjer den julianske kalenderen. Bach var fødd 4. mars og død 2. mars etter den gregorianske kalenderen.