Johann Christian Friedrich Haeffner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Christian Friedrich Haeffner
JCFH Portr Forsell-s.jpg
Fødd 2. mars 1759
Oberschönau
Død

28. mai 1833 (74 år)
Uppsala domkyrkoförsamling

Yrke komponist, musikkpedagog, silhuettkunstnar, organist
Johann Christian Friedrich Haeffner på Commons
J.C.F. Haeffner (1759-1833)

Johann Christian Friedrich Haeffner (2. mars 175928. mai 1833) er ein tysk-svensk komponist, fødd i Oberschönau i Hessen og død i Uppsala.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

J. Chr. Fr. Haeffner vart fødd i fødd i Oberschönau i Hessen med foreldra Anna Reckenagel og læraren Johann Heinrich Häffner. Då familien seinare flytta til Schmalkalden gjekk han i lære hos organisten og komponisten Johann Gottfried Vierling. Han vart snart dyktig ved orgel€t, alt frå 9 års alder spelte han til gudstenester i kyrkja.

I juni 1781 flytta Haeffner til Stockholm for å begynne som i den tyske kyrkja S:t Gertrud i Stocholm. Same året vart han engasjert ved Kungliga Operan. Frå 1781 til 1783 var han kapellmeister ved Carl Stenborgs teater, sidan arbeidde han ved Kungliga Hovkapellet der han i 1787 dirigerte han uroppføringa av sin eigen opera Electra. Same året gifta han seg med ei av songarinnene, sopranen Gertrud Elisabeth Forsselius , som han vart skild frå i 1807.

Studentsongane[endre | endre wikiteksten]

Vud Uppsala universitet deltok han aktivt i dei nasjonalromantiske strøymingane som høyrde denne tida til, inspirert av Götiska Förbundet. Han var her med å leggje grunnlaget for den firstemmige mannskorsongen som enno er levande studentsangtradisjon ved mange universitet i Norden.

Koralböcker[endre | endre wikiteksten]

Fremre perm till Praktpsalmbok 1819 med Haeffners koraler i utgåve frå 1899 Fröléen & Comp.

År 1800 skreiv Haeffner eit framlegg til ny koralbok som vart godkjent for bruk i Uppsala stift og utgiven 1808. I 1818 fekk Haeffner oppdraget med å lage koralboka til den nye svenske salmeboka. Koralboka innførte nye songideal i den svenske kyrkja, noko som førte til ein viss konflikt med den folkelege salmesongen.

Folkeviser[endre | endre wikiteksten]

Haeffner fekk oppdraget å redigere musikken til Geijer-Afzelius velkjente Svenska folkvisor som vart utgivne i tre band i åra 1814-1818. Haeffner arrangerte også nokre av desse folkvisene for manskor/manskvartett, Svenska folk-visor satte för fyra mans-röster (1832).

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Salmetonar
  • Tonsette dikt
  • Studentsongar