Johann Christoph Pepusch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann Christoph Pepusch
John Christopher Pepusch by Thomas Hudson.jpg
Fødd1667
FødestadBerlin
Død20. juli 1752 (juliansk)
DødsstadLondon
OpphavTyskland
Sjangeropera
Instrumentorgel
Verka somkomponist, musikkforskar, musikkteoretikar
PrisarFellow of the Royal Society

Johann Christoph Pepusch (fødd 1667 i Berlin, daud 20. juli 1752 i London) var ein tyskfødd komponist, musikar, pedagog og musikkvitar som hovudsakleg arbeidde i England.

I vår tid er Pepusch hovudsakleg kjend fordi han omarbeidde og tilpasset populære melodiar til The Beggar's Opera av John Gay.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Johann Christoph Pepusch var son av ein prest. 14 år gammal fekk han ei stilling ved det prøyssiske hoffet. Etter å ha opphalde seg ei tid i Nederland, etablerte han seg i London i 1704. Han heldt fram med å publisera verk i Nederland fram til 1718.

I London byrja Pepusch som bratsjist, men arbeidde med tida som komponist, teaterdirektør, musikkteoretiker og organist. I 1710 var han med på å grunnleggja Academy of Ancient Music og Madrigal Society. Begge organisasjonane var retta mot utforsking og oppføring av musikk frå tidlegare tider, særleg den elisabethanske tidsalderen. Mellom 1710 og 1730 gav Pepusch ut ei stor mengd eigne verk. I 1713 fekk han eit doktorat i musikk ved University of Oxford. Verkforteikninga hans omfattar komposisjonar av alle formene i samtida: kammersonatar for ei mengd ulike instrument, songar, kantater, symfoniar og operaer.

Dei siste tiåra av livet sitt konsentrerte Pepusch seg om studium av musikk frå fortida.

Pepusch hadde venner og elevar blant dei fremste av musikarane i samtida, til dømes William Boyce, John Travers, Johan Helmich Roman og Benjamin Cooke. Det er ikkje minst Pepusch si forteneste at England blei ein forskingsstad for tidlegmusikk på ei tid då ein i Europa nesten berre spelte musikk frå det seine 1700- og tidlege 1800-talet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arthur V. Berger: The Beggar's Opera, the Burlesque, and Italian Opera. In: Music & Letters. Vol. 17, Nr. 2, ISSN 0227-4224, S. 93–105.
  • Charles Burney: A General History of Music. 4 bind. Robson u. a., London 1776–1789.
  • Marion Brück: «Pepusch, Johann Christoph.» I Neue Deutsche Biographie (NDB). Bind 20, Duncker & Humblot, Berlin 2001, ISBN 3-428-00201-6, s. 178–180 (digitalisering).
  • Hans Michael Schletterer: «Pepusch, Johann Christoph». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 25, Duncker & Humblot, Leipzig 1887, s. 365–372. (se korrektur til bind XXV: «Pepusch, Johann Christoph». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 25, Duncker & Humblot, Leipzig 1887, s. 797 f.).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]