Johann F. Meckel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann F. Meckel
Johann Friedrich Meckel.jpg
Fødd17. oktober 1781
Halle (Saale)
Død31. oktober 1833
Halle (Saale)
NasjonalitetTyskland
Områdeanatomi
Yrkebiolog, anatom, omsetjar, universitetslærar
InstitusjonarMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Alma materMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Det bayerske vitskapsakademiet

Johann Friedrich Meckel von Helmsbach (17. oktober 178131. oktober 1833), kalla Meckel den yngre, var ein tysk anatom og ein av grunnleggarane av teratologien (læra om misdanningar). Han var son av anatomen og obstetrikaren Philipp F. T. Meckel og soneson av anatomen Johann F. Meckel den eldre. Han var den av dei tre som gjorde mest arbeide med den Meckelske samlinga, ei samling av anatomiske preparat ved universitetet i Halle.

Meckel studerte medisin og språk ved universitet i Göttingen. I 1802 tok han graden dr. med. på ein avhandling om misdanningar på hjartet (De cordis conditionibus abnormibus).

Han var saman med Étienne Geoffroy Saint-Hilaire grunnleggar av teratologien og har mellom anna gjeve namn til misdanningane Meckels divertikkel, Meckels syndrom og til Meckels brusk.

Han utga fleire bøker, mellom anna Handbuch der pathologischen Anatomie (handbok i patologisk anatomi) i fire bind 1812–1820; og System der vergleichenden Anatomie (System for samanliknande anatomi) i seks bind 1821–1831.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]