Johann Jakob Balmer
Utsjånad
| Johann Jakob Balmer | |||
| | |||
| Fødd | Johann Jakob Balmer 1. mai 1825 Lausen, Switzerland | ||
|---|---|---|---|
| Død | 12. mars 1898 (72 år) Basel | ||
| Nasjonalitet | Sveits | ||
| Område | matematikk, fysikk | ||
| Yrke | fysikar, matematikar, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Universitetet i Basel | ||
| Alma mater | Universitetet i Basel | ||
Johann Jakob Balmer (1. mai 1825–12. mars 1898) var ein sveitsisk fysikar.
Han var dosent i Basel og viste i 1885 at bølgjelengda for spektrallinjene frå hydrogenatomet kunne uttrykkjast ved formelen
for n = 2, h = 3.6456×10−7 m, og m = 3, 4, 5, 6, og så vidare. Denne vert kalla Balmer-formelen. Denne spektrallinjeserien blir difor kalla balmerserien. Formelen danna delvis grunnlaget for Bohrs atommodell og vart forklart ved denne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Johann Jacob Balmer» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 4. november 2013.