Johann Matthias von der Schulenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Matthias von der Schulenburg

Grev Johann Matthias von der Schulenburg: portrett med batongen til marskalken av Gian Antonio Guardi, 1741
Fødd8. august 1661
FødestadEmden
Død14. mars 1747
DødsstadVerona
RangFeltmarskalk
KonfliktarDen store tyrkiske krigen, Den store nordiske krigen, Den austerriksk-tyrkiske krigen

Reichsfreiherr og Reichsgraf marskalk Johann Matthias von der Schulenburg (fødd 8. august 1661 i Emden nær Magdeburg i Tyskland, død 14. mars 1747 i Verona i Itala) var ein distingvert aristokrat (keisarhoffet) og ein general av brandenburg-prøyssisk avstammaing som tente i armeane til Sachsen og Republikken Venezia tidleg på 1700-talet. Etter han pensjonerte seg heldt han til i Veneiza der han vart storsamlar og kunstvernar. Systera hans var hertuginne Melusine von der Schulenburg av Kendal. Faren var Gustavus Adolphus Baron von der Schulenberg. [1]

Schulenburg som leigesoldat[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1687 og 1688 kjempa han med keisaren sine soldatar mot tyrkarane i Ungarn. Då han reiste heim att steig han i rankane i armeen til hertugdømet Braunschweig-Lüneburg. I 1699 vart han oberst i det tyske regimentet under Victor Amadeus II av Savoie, og vart hardt skadd i 1701. I 1702 vart han med den saksiske armeen og kjempa i den store nordiske krigen mot Karl XII av Sverige og leid nederlag i slaget ved Klissow og slaget ved Fraustadt. I 1707 reiste han attende til Vest-Europa og kjempa under prins Eugene av Savoie i slaget ved Oudenaarde og slaget ved Malplaquet i den spanske arvefølgjekrigen.

Seinare vart han rekruttert av Venezia og var med på forsvaret av Korfu under den tyrkiske kringsetjinga av byen i 1716. Han vart dekorert med Serenissima for tenestene sine med ein statue og ein pensjon på 5000 dukatar per år. Ein Vivaldi-opera, Juditha triumphans, vart bestilt til feiringa av sigeren.

Grev Johann Matthias von der Schulenburg: marmorstatue på Korfu

Schulenburg som kunstsamlar[endre | endre wikiteksten]

Då han trekte seg attende til Venezia frå 1718 vart Schulenburg ein stor kunstsamlar. Det rike arkivet med Schulenburg-samlinag er i dag i Niedersächsische Staatsarchiv i Hannover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Johann Matthias von der Schulenburg» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2011.
  • Fr. Albr. v. d. Schulenburg: Leben und Denkwürdigkeiten des Johann Matthias v. d. Schulenburg (Leipzig 1834, 2 vols.). (Life and facts about Johann Matthias Schulenburg (Leipzig 1834, 2 Vol.))
  • Werner v. d. Schulenburg: Der König von Korfu 1950. A novelistic account of the omleiringa av Corfu.Roman über die Verteidigung Korfus gegen die Türken); 1950. (The King of Corfu. An account of the defense of Corfu against the Turks. (1950)).
  • Haskell, Francis (1993). «Chapter 11». Patrons and Painters: Art and Society in Baroque Italy. 1980. Yale University Press. s. 311–13. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johann Matthias von der Schulenburg