Johann Roppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann Roppen
Fødd29. juni 1967 (53 år)
Bergen i Noreg
NasjonalitetNorsk
Yrkeprofessor
Alma materHøgskulen i Volda
VervRektor ved Høgskulen i Volda 2015-

Johann Roppen (fødd 29. juni 1967 i Bergen) er ein norsk professor i journalistikk. Han er rektor ved Høgskulen i Volda frå 1. august 2015.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Johann Roppen kjem frå Flø i Ulstein kommune. Han gjekk på Ulstein vidaregåande skule og seinare på Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Universitetet i Bergen. Doktorgradsprosjektet hans handla om mediekonsentrasjon og journalistikk i Noreg med Edda Media som case.[1]

Han har arbeidd som journalist i Vikebladet, som rådgivar i Medietilsynet, forskingsleiar ved Møreforsking og i undervisnings- og forskingsstillingar ved Høgskulen i Volda. Roppen var FoU-rådgivar ved Høgskulen i Volda 2013-2015.

Verv[endre | endre wikiteksten]

  • Leiar i Sunnmøre mållag (1990-1991)
  • Medlem av Mediestøtteutvalet, Noreg (2010)[2]
  • Medlem av Mediestøtteudvalget, Danmark (2011)[3]
  • Leiar i Volda Turn og Idrottslag fotball (2011-2012)
  • Leiar i Volda Idrettsråd (2014-16)
  • Medlem av ekspertgruppe for utredning av alternativer for offentlig finansiering av NRK (2015-2016)[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]