Johann de Boer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann de Boer
Fødd 5. september 1897
Altona
Død

14. mars 1986
Hamburg

Yrke militær

Johann de Boer (5. september 189714. mars 1986) var ein tysk generalløytnant og sjef for 280. infanteridivisjon og stasjonert i Bergen ved den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945.

Boer var fødd i Altona i Hamburg. Han melde seg som frivillig til dei tyske styrkane i september 1914, og vart underoffiser i 1917. Han forlet hæren og arbeidde i det tyske politiet frå 1920 til 1935.

Ved krigsutbrotet i 1939 var han oberstløytnant og sjef for 22. artilleriregiment av 22. infanteridivisjon, og han var med på åtaket mot Nederland og Belgia i april 1940. I juni 1941 var han med ved åtaket på Sovjetunionen, og tok del i felttoget på Krim 1941-1942. I juli 1942 vart de Boer og hans regiment forflytta til Kreta. Han hadde rang av oberst frå 1. oktober 1942. Han vart flytta til 26. infanteridivisjonAustfronten i august 1943, og vart generalmajor og overtok kommandoen over 26. infanteridivisjon 1. oktober 1943. Han vart generalløytnant 1. april 1944, 46 år gammal.

10. november 1944 vart Johann de Boer forflytta til Noreg, og fekk kommandoen over 280. infanteridivisjon. Han vart teken til fange 8. mai 1945, og sat internert i Storbritannia til 15. april 1948. Han døydde i Hamburg i 1986.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]