Johanna Vergouwen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johanna Vergouwen
Statsborgarskap De sørlige Nederlandene
Fødd 1630
Antwerpen
Død

11. mars 1714 (83 år)
Antwerpen

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Johanna Vergouwen på Commons
To unge gutar utkledde som riddarar (1668).

Jeanne eller Johanna Vergouwen (163011. mars 1714) var ein flamsk barokkmålar frå Antwerpen.

Biography[endre | endre wikiteksten]

Johanna Vergouwen voks opp i ein målarfamilie.[1] Ho var dotter av den flamske målaren Louis Vergouwen (d. 1659) og kona hans Maaike Verwerff, dotter av målaren Hans Verwerff. Systera hennar Maria var gift med Michiel Immenreat.[1] Ho studerte under Balthazar van den Bossche og Lucas van Uden.

Vergouwen dreiv med måleri, målerikopiering og som kunsthandlar.[1] Ho blei medlem av målarlauget i Antwerpen rundt 1658/9.[2]

Ho er nemnd av Cornelis de Bie som ein dyktig kopierar av Anthonis van Dyck og Rubens.[3]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Berre nokre få verk frå Vergouwen si hand er kjende for ettertida:

  • 'Portrett av tvillingar på små trehestar'[4], olje på lerret, 1668. Biletet blei seld på auksjon i Amsterdam i 2008 av Christie's. Det blei seld for 120 250 euro.[2]
  • Kopi frå 1673 av eit bilete av Van Dyck, Samson og Delilah. No ved Museo Nacional de San Carlo i Mexico.
  • 'Portrett av ein bilethoggar', seld i Paris 14. juni 1954.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jeanne Vergouwen[daud lenkje] i RKD
  2. 2,0 2,1 JOHANNA VERGOUWEN (ANTWERP 1630-1714), christies.com
  3. Het Gulden Cabinet, s. 558. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. Hendrick & Everard Kochman?, sønene til borgarmeisteren av Zwolle, Herman Franciscus Kochman.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • E. Duverger, «The Antwerp painter Johanna Vergouwen (1630-1714)», Jaarboek van het Koninklijk Museum voor Schone Kunsten, Antwerpen, 2000.