Johannes Andreas Henschien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Andreas Henschien
Fødd28. november 1836
Fjære
Død28. august 1895
NasjonalitetNoreg
PartiModerate Venstre, Centrum
Yrkepolitikar, reiar
FarJørgen Henschien

Johannes Andreas Henschien (28. november 183628. august 1895) var ein norsk skipper og skipsreiar frå Fjære i Aust-Agder, som representerte Nedenes amtStortinget 1892-95. Jørgen Henschien var far hans.

J.A. Henschien reiste tidleg til sjøs, og vart skipsførar på ein brigg i 1858. Kring 1870-71 byrja han som skipsreiar og busette seg i Vestre Moland, der han sidan bygde opp eit skipsverft.

Henschien kom straks inn i heradsstyret og var ordførar i Vestre Moland i tolv år, og dessutan forlikskommissær. Perioden 1892-94 var han stortingsrepresentant, sokna til Moderate Venstre si partigruppe. Attvald til stortinget 1895-97, men døydde allereie seinsommaren 1895. Han var alle fire stortingssesjonane medlem i Næringskomite nr 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]