Johannes Barstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Barstad
Fødd 7. april 1857
Død

7. januar 1931

Yrke prest, redaktør

Johannes Andreas Barstad (7. april 18577. januar 1931) var ein norsk prest, salmediktar og redaktør, fødd og død i VoldaSunnmøre. Barstad starta og dreiv det nynorskspråklege kristenbladet Stille Stunder i over 40 år. Han var dotterson av Rasmus S. Aarflot.

Prestegjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter å gått den «høiere almue- og lærerskole» i heimbygda, tok Barstad artium i hovudstaden i 1877. Han fullførte teologisk embetseksamen ved universitetet i 1883, dei neste tre åra var han lærar i Stavanger. Frå 1886 var han kallskapellan i Volda prestegjeld, som i tillegg til hovudsoknet femnde om sokna Dalsfjord og Ørsta. I perioden 1896-1919 var han sokneprest i Volda, dei fyrste fire åra i konstituert stilling. Frå 1919 til 1928 var han sokneprest på Voss i Hordaland.

Barstad kom tilbake til Volda og Sunnmøre i ei tid prega av kristelegsinna vekkingrørsler og idestrid. Inspirert og utfordra av dette sette han i 1889 i gang bladet Stille Stunder, saman med Henrik Kaarstad og Bernt Støylen. Barstad var redaktør av bladet, ei stilling han hadde til han døydde. Stille Stunder var det fyrste kristelege bladet som vart redigert på nynorsk. Bladet har vorte tildelt ei hovudrolle i den såkalla «kristninga av landsmålet».

Salmeskriving[endre | endre wikiteksten]

På 1890-talet tok Barstad til å skrive salmar, og han omsette salmar frå andre språk. Desse og andre tekstar publiserte han fyrste gongen i Stille Stunder. Eigne og omsette salmar kom fyrste gong i samling i 1904 (Kvæde). Ti år seinare kom ei ny samling (Klokkeljod). Stille Stunder kjem framleis ut.

Barstad var medlem av nemnda som reviderte Landstads salmebok. I denne boka (1924) kom elleve av Barstads eigne salmar med, attåt fire som han hadde omsett. Seinare var han ein viktig talsmann for Nynorsk Salmebok. Fjorten av hans salmar kom med i den nynorske salmeboka, dessutan fem omsetjingar. I Norsk Salmebok som kom ut i 1985 er fire Barstad-salmar medtekne. Dessutan er to omsette salmar, der han har vore delaktig, med. Den eine omsette salmen er det kjende bordverset Gud signe maten, der Barstad har omsett den andre og lite brukte sistestrofen.

Barstadsalmane i Norsk Salmebok (1985):[endre | endre wikiteksten]

  • Stille, stille! Jesus lider, nr. 164
  • Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer, nr. 287
  • Til siger livsens fyrste dreg, nr. 519
  • Din Frelsar ser på deg i dag, nr. 664 (skrive til konfirmantane i Volda i 1904)

Prosaforfattar[endre | endre wikiteksten]

Barstad forfatta også nokre bøker i prosa, så som Kristeleg aarbok og Evangeliet etter Markus. Praktisk tolka for skule og heim. Dessutan Kristeleg kalender, Kristelege barnesogor og ei barnebok.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kvæde, 1904, Diktsamling
  • Kristeleg aarbok, 1910
  • Klokkeljod, 1914, Diktsamling
  • Evangeliet etter Markus. Praktisk tolka for skule og heim, 1914
  • Kristelege barnesogor 1913-14, Tre samlingar
  • Kristeleg kalender, 1923
  • Blakken og eg, Barnebok, 1927

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grøvik, Ivar: Sunnmøringar (udatert)
  • Halse, Per: Profet på heimstaden?, Voldaminne. Årsskrift 2007. Volda 2007
  • Holter, Stig Wernø Holter: Kom, tilbe med fryd, 1991, side 281. ISBN 82-560-0774-5
  • Holsvik, Ivar: Salmediktere i våre salmebøker, 1950 side 153-155

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]