Johannes Bragstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Bragstad
Johannes Bragstad.JPG
Fødd16. desember 1858
Sandvollan
Død29. mars 1937
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Venstre
Yrkepolitikar, bonde
FarSivert Bragstad

Johannes Sivertsson Bragstad (16. desember 185829. mars 1937) var ein norsk skulestyrar, gardbrukar og politikar frå Inderøy. Han møtte på Stortinget for Venstre og for Bondepartiet. Kristian Bragstad var bror hans.

Far hans var gardbrukar på Bragstad i Sandvollan herad (Inderøy). Sjølv gjekk han 1875-76 Foosnæs folkehøgskule i Trøndelag og 1880-81 og 1885-87 på Askov i Danmark. Frå 1887 til -90 var han lærar på folkehøgskule ved Levanger, medan han 1891-92 budde i Kristiania der han lytta til førelesingar ved universitetet og arbeidde på 'Det kjemiske laboratorium'. Åra 1892-95 var han lærar på amtsskule i Nordre Trondhjems amt, deretter 1895-1900 landbrukslærar på Mære landbruksskule. I 1900 kjøpte han saman med O. K. Kuløy og I. Sakshaug amtmannsgarden Sund i Inderøy og oppretta Sund folkehøgskole. Kuløy forlet skulen i 1904 og Sakshaug i 1910, perioden 1910-21 var Bragstad eineeigar og styrar av både skulen og garden. Han skøytte i 1932 garden over på sonen sin.

Bragstad var ordførar i Sparbu for Venstre 1899-1900, sidan medlem av Inderøy heradsstyre i eit par periodar. Han var formann i fylkesskulestyret 1903-18.

Bragstad var 2. varamann for Venstre i Nordre Trondhjem 1903-06, møtte i 1905 frå den 3. mai i staden for svogeren Hans Konrad Foosnæs. Han var medlem av landbrukskomiteen. Perioden 1922-24 representerte han Bondepartiet i Nord-Trøndelag på Stortinget og var medlem av kyrkje- og skulekomiteen. Frå 1923 var han medlem av landsstyret i Norges Bondelag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]