Johannes Brochmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bodvar Fredrik Johannes Brochmann (fødd 19. april 1852 i Kvinesdal, død 1930) var ein norsk prest, forfattar, dramatikar og skribent.

Johannes Brochmann vart cand.theol. i 1876, og arbeidde som lærar i Oslo frå 1877 til han i 1885 av helsemessige grunnar flytta til Vestlandet. Han budde i Ullensvang frå 1885, vart sokneprest i Røldal i 1900 og i Sogndal frå 1908 til 1923.[1][2][3] I Ullensvang arbeidde han som fri skribent, journalist, prestevikar og føredragshaldar.[2] I denne tida bidrog han til å stifta ungdomslag i bygda.[4] I Røldal skal han ha bidrege til å bevara Røldal stavkyrkje.[5]

Han skreiv dikt og ein komedie allereie i studietida. Dramaet Haakon Adelsteinsfostre (1878) er basert på Heimskringla, og er aldri oppført.[6] Forfattarskapet hans omfattar elles polemikk med Bjørnson om Over Ævne, biografiar over teologane E.F.B. Horn og Anton Christian Bang, dikt, songar og eventyr.[2]

Han var son av sokneprest Diderik Hegermann Brochmann (1808–75) og Sara Jessine Louise Brock (1811–91) frå Nannestad.[7] Han gifta seg i 1878 med Elisabeth Falsen Smith (1855–1915) frå Molde, som også var litterært interessert og omsette Sherlock Holmesbøker.[8] Dei var foreldre til Diderik Brochmann og Georg Brochmann, og gjennom Diderik besteforeldre til Zinken Hopp og Odd Brochmann[9][2] Han var onkel til Bertram Dybwad Brochmann.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1886 – Bør "Over ævne" opføres? : et samfundsspørsmaal paa dagsordenen (Kristiania: Aschehoug) Les boka her
  • 1889 – Dr. E. F. B. Horn : nutidsbillede fra den norske kirke (Kristiania: Eige forlag) Les boka her
  • 1898 – Biskop dr. A. Chr. Bang : et livsbillede : med lysstreif over vor kirkes udvikling i fortid og nutid (Kristiania: Cammermeyer) Les boka her

Omsetjing[endre | endre wikiteksten]

  • 1898 – Det hvide Kompagni (Kristiania: Aschehoug) Les boka her  [Forfattar: Arthus Conan Doyle. Omsett av Johannes Brochmann, Elisabeth Brochmann]
  • Ivar Erichsen Leganger (1990). «Prost Ivar Legangers skildring av Sogn». Pridlao (7): 21-22.  Omsett frå latin av Johannes Brochmann

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Kolltveit, Olav (1894-1979) (1971). Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. [Odda]: Bygdeboknemnda. s. 118. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Carl Lauritz Lund-Iversen. «Brikker til et bilde, en biografisk skisse». I: Zinken : en bok om Zinken Hopp. Redigert av Carl Lauritz Lund-Iversen. Eide forlag, 2005. ISBN 82-514-0684-6
  3. Stedje kyrkje: Sogndal : 100 år : 1867-1967. Leikanger: [s.n.] 1967. s. 63. 
  4. Moren, Sven (1871-1938) (1921). Den frilynde ungdomsrørsla: Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo : Laget. s. 217. 
  5. Veka, Johan (1896-1985) (1944). Liv og lagnad i Suldal. Stavanger: Stabenfeldt. s. 81. 
  6. Steen, Ellisiv (1908-2001) (1976). Det norske nasjonalhistoriske drama 1756-1974: med beskrivende register. Oslo: Gyldendal. s. 85. ISBN 8205085846. 
  7. Brochmann, Bodvar Fredrik Johannes i Norsk Forfatter-Lexicon, 1814–1880.
  8. Publikasjoner av Elisabeth Brochmann i BIBSYS
  9. Zinken Hopp: Johannes Brochmann i Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]