Johannes Christiansen
Johannes Christiansen | |
Fødd | 17. oktober 1850 |
---|---|
Død | 15. juli 1913 (62 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Alle verv |
|
Johannes Christiansen (fødd 17. oktober 1850 i Askim, død 5. juli 1913) var ein norsk underoffiser, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Askim. Han var medlem av Venstre.
Christiansen var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han i 1871 eksamen som underoffiser ved artilleriskulen. Frå 1872 var han sersjant i artilleriet, steig til kommandersersjant i 1889. Han tok over farsgarden Svae i Askim og dreiv han til 1889. Det året vart han lensmann i Skiptvet og flytta dit. Året etter, 1890, kjøpte han garden Vister der av svigerfaren og dreiv sidan denne. Han var lensmann i Skiptevt fram til 1913.
Christiansen var medlem av heradsstyret i Askim frå 1876 til -89, dei to siste åra var han ordførar. Han var formann i skulestyret i Skiptevt frå 1896 til 1897. Perioden 1900-03 var han 1. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914