Johannes Ciconia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johannes Ciconia (1335 eller 1370-1412) var ein kjend musikkteoretikar og komponist i seinmellomalderen. Dei moglege fødselsåra hans sprikar monaleg mykje, av di historikarane er uvisse på kva tid faren eller sonen, som truleg bar same namn, er omtala. Alle verka frå komponistens hand er i alle høve skrivne etter 1390.

Ein Ciconia var i arbeid i Avignon i 1350. Dette er truleg far hans Johannes. Sonen vart fødd i Liège, medan faren nok har reist mykje, truleg og i Italia. Han var i teneste hjå paven i Avignon.

Den yngre Johannes Ciconia er notert i Liége om lag 1385, truleg som korgut. Denne Johannes var i teneste hjå pave Bonifacius IX i 1391, i Roma. Etter denne tida har han for det meste budd i Pavia, der han heldt seg til han døydde.

Musikken til Johannes Ciconia syner drag frå fleire stilartar. Soleis er han på overgangen til den røynlege renessansemusikken. Frå først av har han klåre sammanfallande drag med Ars nova-stilen som rådde i åra før, men er og innom Ars subtilior. Samstundes syner tonespråket hans framdrift mot attkjennelege drag frå 1400-tallsmusikken. Han skreiv mykje verdsleg musikk i fransk og italiensk stil (Ballata, Virelai, Trecento-madrigal), men og musikk for kyrkja (motett og messe). I fleire av desse verka nyttar han isorytmikk, som var vanleg i tida. Han skreiv og nokre musikkteoretiske verk. Som med andre komponistar i tida er det ikkje støtt visst kva han i røynda har laga sjølv, og kva som er tillagt han seinare.