Johannes Einrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Einrem
Fødd 3. februar 1886
Død

4. juli 1956 (70 år)

Yrke misjonær
Ektefelle Petra Alvilde Sofie Einrem, Trine Christiana Einrem

Johannes Einrem (3. februar 18684. juli 1956) var ein norsk misjonær, samfunnsdebattant og forfattar. Han arbeidde fire periodar på i alt 40 år for Det norske misjonsselskapMadagaskar, der han leidde oppbygginga av ein by for spedalsksjuke. Byen fekk namnet Mangarano. Som sosialist markerte Einrem seg med tydelege meiningar om samfunn, kyrkje og kristendom.

Johannes Einrem vart fødd på Einremma i Bjørnådalen i Vefsn, der foreldra Jørgine og Lars Einrem var gardbrukarar. Foreldra var strengt pietistisk kristne. Johannes kjende tidleg kall til å bli misjonær, og i 1887 byrja han på Misjonsskolen i Stavanger. Men han ville forkynne eit anna gudsbilete enn det han hadde heimanfrå. Han gjekk ut frå misjonsskulen med gode karakterar, og vart innsett som misjonær av biskop J.C. Heuch i 1892. Året etter reiste han til Madagaskar, og han arbeidde på misjonsmarkene i periodane 1893-1901, 1904-1913, 1916-1923, 1928-1933 – i alt over 40 år.

Einrem var kritisk til at misjonsorganisasjonane fokuserte berre på å omvende individet. Han meinte det var like viktig å reformere samfunnet. Einrem såg kristendom og sosialisme som to krefter som saman skulle skape ei betre verd, ved å arbeide for både individ og samfunn. Han var skarpt kritisk når konservative krefter, også innanfor kyrkja, motarbeidde nødvendige samfunnsreformer.

I det daglege arbeidet på Madagaskar synte han seg som ein klok og praktisk mann, som leidde både undervisning, innkjøp, byggjearbeid og forsvar mot røvarbandar.

Einrem var sterkt kritisk til fransk kolonialisme på Madagaskar. Han ville møte gassarane på deira eige kulturgrunnlag, og meinte franskmennene med sin forakt mot alle farga menneske hadde lite positivt å tilføre samfunnet deira.

Johannes Einrem er rekna som den mest framståande forfattaren blant dei norske misjonærane. Han skreiv ein serie romanar, i alt skal han ha skrive 28 bøker. Boka Gryteng-Guri (1927) her henta handling frå heimbygda, dei andre bøkene har motiv frå Madagaskar. Debutromanen Gjennem grønne briller (1912) fekk stor merksemd og kom ut i fleire opplag. Einrem var ein eminent forteljar, med ein lett og ledig stil, krydra med humor og elegant ironi. I bøkene viste han ein markant sosial og politisk overtyding. Einrem ville avsløre Europas «dumme forakt for alle farvede». Humoren vart eit nytt element i misjonslitteraturen. Dei to første bøkene hans kom ut på forlaget til Det Norske Misjonsselskap, men forlag, men da han i 1818 hadde skrive romanen Ravola, ville dei ikkje gje ut boka, dei var redd ho ville støyte misjonsfolket. Istaden vart boka utgjeven av Lunde forlag, og Einrem heldt seg til Lunde sidan. Bøkene hans vart vurdert høgt av mange - Anders Hovden skreiv om ei av bøkene hans: «Dette er beint fram ypparleg. Det er då ei livsskildring av fyrste rang.»

Einrems samla verk utkom i 8 bind 1936–37.

Johannes Einrem var gift to gonger, først med misjonærdottera Alvhilde Sofie Nygård. Ho døydde i 1927, og året etter gifta han seg opp att med Trine Christine Müller. Johannes var mykje sjuk etter livet på misjonsmarka, og etter at han flytta attende til Noreg i 1933, levde han i Oslo med svak helse og dårleg økonomi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]