Johannes Eriksson Malmin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Johannes Eriksson Malmeim)
Johannes Eriksson Malmin
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1777
Bjerkreim kommune
Død

6. oktober 1852 (75 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Johannes Eriksson Malmin (17776. oktober 1852) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Bjerkreim i Rogaland.

Malmin var fødd i Bjerkreim, far hans var gardbrukar. Då han var ei i kring 20 år gammal arbeidde han i tre år i Bergen. Der lærte han seg skriving og rekning, og skaffa seg ein del bøker. Han vart seinare gardbrukar på farsgarden og dreiv eit sagbruk. Han var mykje i kommunal aktivitet, medlem av skulestyret 1826-32 og deltok ofte under utskiftingsforretningar.

År 1818 var han stortingsmann frå Stavanger amt, medlem av fem komitear. Mellom anna var han med i komiteen om skysslova og komiteen om innkvarteringa.

Han døydde på garden sin i Bjerkreim i 1852.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]