Johannes Farestveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Farestveit
Fødd 11. mars 1923
Død

16. september 1995

Yrke teikneserieskapar, omsetjar, redaktør, skribent

Johannes Farestveit (fødd 11. mars 1923 i Modalen i Hordaland, død 16. september 1995) var ein norsk omsetjar, barnebokforfattar, teikneserieskapar og redaktør. Han overtok som bladstyrar av Norsk Barneblad i 1956 etter Andreas Haavoll og Øyvind Dybvad. Han hadde ansvar for bladet til 1979.

Farestveit gjorde forlagsdelen av Norsk Barneblad til ein viktig aktør innan utgiving av nynorske barnebøker. Han omsette fleire barnebøker frå engelsk. I Norsk Barneblad skreiv han teksten til Smørbukk og Tuss og Troll.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004