Johannes Finstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Finstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1836
Ski i Akershus
Død

19. februar 1907 (70 år)

Yrke politikar, bonde

Johannes Ottersen Finstad (25. februar 183619. februar 1907) var ein gardbrukar og politikar frå Ski i Akershus.

Finstad var son til ein gardbrukar. Han tok agronomeksamen på storgarden Abildsø i Østre Aker i 1862. Etter nokre år som forpaktar av eit bruk i Kråkstad, kjøpte han i 1870 garden Sætre i Oppegård. Han dreiv den garden til han i 1878 fekk ta over garden Nordby i Ås herad i Akershus, farsgarden til kona hans.

Finstad var medlem 1870-78 av Nesodden heradsstyre og 1879-1906 av heradsstyret i Ås. Han var også forlikskommissær i mange år, heilt til han døydde på garden sin. Valperioden 1898-1900 var Finstad stortingsrepresentant frå Akershus, medlem i Militærkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]