Johannes Gilleberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Gilleberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1915
Ringebu kommune
Død

8. august 2002 (87 år)

Yrke politikar, prest
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Johannes Gilleberg (1. august 19158. august 2002) var ein norsk teolog og politikar frå Ringebu som representerte Senterpartiet og Troms fylkeStortinget i tre valperiodar frå 1965 til 1977.

Gardbrukarsonen Gilleberg vart utdanna cand.theol. i 1946 og tok praktikum i 1948. Han arbeidde så i Hammerfest som adjunkt og hjelpeprest til 1955. Her vart oppteken av levekåra til psykisk utviklingshemma menneske. Han tok ei leiarrolle i arbeidet med å få etablert ein nordnorsk åndssvakeheim, og vart vald til formann i bygge- og plankomiteen for ein slik heim på garden Trastad i Kvæfjord herad. Frå 1955 var han styrar ved Nord-Norges åndssvakehjem på Trastad, ei stilling han hadde til 1981.

Gilleberg var medlem av kommunestyret i Kvæfjord dei åtte åra 1964-71. Hausten 1965 vart han vald inn på Stortinget på Troms Senterparti si valliste. Han vart attvald i 1969 og i 1973, begge gongane på felleslister, i 1969 med Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti og i 1973 med Senterpartiet og Venstre. På Tinget var han medlem av Sosialkomiteen, med unntak av 1971/72-sesjonen då han hadde plass i Administrasjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi