Johannes Haarklou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Haarklou

Fødd13. mai 1847
FødestadFørde
Død26. november 1925 (78 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1878–1925
Sjangeropera
Instrumentorgel
Verka somkomponist, dirigent, journalist, musikkritikar, organist
Gift medInga Marie Knoph
BornAndreas Haarklou
PrisarDen Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Johannes Haarklou (13. mai 184726. november 1925) var ein norsk komponist, organist og dirigent.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Johannes Haarklou vart fødd den 13. mai 1847 i Førde.

Johannes er han lengst til høgre. Dei andre er (frå venstre): Edvard Grieg, Lauritz Grimstad og H. Ingelius; dei er i Leipzig i 1876.

I 1868 vart han lærar i Eiker og fekk lære orgelspel og harmonilære i Drammen. I 1872 studerte han i Christiania med Ludvig Mathias Lindemann. Frå 1873 til 1875 studerte han ved konservatoriet i Leipzig, m.a. med Carl Reinecke, og deretter ved musikkhøgskulen i Berlin. Frå 1880 var han organist og dirigent i Christiania (Oslo). Han hadde ry som virtuos og for sine improvisasjonar på orgelet.

Haarklou er mest kjend for oratoriet Skabelsen og Mennesket til ein tekst av Henrik Wergeland; dette verket vart uroppført i 1891. Han skreiv òg fem operaer, fire symfoniar, eit symfonisk dikt (Westminster Abbey), to orgelsymfoniar, sonatar, songar, korverk og pianostykke. Ein del av verket hans er ikkje vorte utgjeve. Frå 1882 til 1921 var han òg musikkritikar ved ymse aviser, m.a. i Dagbladet.

I 1911 vart Haarklou utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Haarklou var gift med Inga Marie Knoph (fødd 1865), og han er far til komponist og organist Andreas Haarklou. Han var god ven med folk som Anders Hovden, Per Sivle og Knut Hamsun. Ein periode budde Hamsun heime hos familien Haarklou.[1] Frå ungdommen var han òg kamerat av Olav Lofthus, mangeårig redaktør i Bergens Tidende.[2] Finn Benestad omtalar Haarklou som «en forgrunnsskikkelse i norsk musikkliv fra 1880 til 1925» og «utvilsomt en av de mest allsidige komponister som Norge noen gang har hatt».[2]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Vokalverk[endre | endre wikiteksten]

Oratorium[endre | endre wikiteksten]

  • Skabelsen og Mennesket

Operaer[endre | endre wikiteksten]

Andre vokalverk[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalverk[endre | endre wikiteksten]

Symfoniske verk[endre | endre wikiteksten]

  • Westminster Abbey (symfonisk dikt)

Orgelverk[endre | endre wikiteksten]

  • Fantasi triomphale, opus 36 (verk 61), 1900
  • Tre stykker for orgel, opus 54 (verk 112)
    • nr 1 Preludium og koral "Nun danket alle Gott"
    • nr 2 Preludium og fuge
    • nr 3 Preludium og fuge over G.A.D.E.
  • Orgelsymfoni nr. 1 i d-moll, opus 53 (verk 106), 1916;
  • Orgelsymfoni nr. 2 i d-moll, opus 60 (verk 116), 1924
  • Preludium og Fuge over B.A.C.H., verk 121, ca. 1925

Sonatar[endre | endre wikiteksten]

Pianostykke[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Sætre, Arild. Norges gløymde komponist. Klassekampen, 4. juli 2013, s14.
  2. 2,0 2,1 Finn Benestad (1961). Johannes Haarklou: mannen og verket. Universitetsforlaget. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]