Hopp til innhald

Johannes Heggland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Heggland
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd29. juni 1919
Tysnes
Død

24. januar 2008 (88 år)
Vestlandet

Yrkeskribent, skodespelforfattar, barnebokforfattar, politikar
Periode1941-2008
Politisk partiSenterpartiet
PrisarDoblougprisen, Nynorsk litteraturpris, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond, Gyldendals legat, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Kongens fortenestmedalje i gull
DebutFolk under fjell

Johannes Andreas Martin Heggland (29. juni 191924. januar 2008) var ein norsk forfattar frå Tysnes i Hordaland. Han debuterte som forfattar i 1941 med romanen Folk under fjell. Seinare har han mellom anna skrive mange romanar med emne frå historia. Sogespelet Kristkongane på Moster vert kvart år oppført på Moster, det såkalla Mostraspelet.

Han forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfatterskapen er løna med ei rad prisar. Barnebøkene Folket i dei kvite båtane og Den forfylgde er òg dramatisert som høyrespel for NRK Lørdagsbarnetimen.

Heggland var ordførar i Tysnes (1956–59) og (1968-71), fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske Forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ei lengre periode Statens Kunstnerstipend.

15. juni 2005 vart det kunngjort frå slottet at Johannes Heggland var utnemnd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.

  • Folk under fjell roman (1941)
  • Den vegville ætt roman (1943)
  • Guds åkerland roman (1943)
  • Ein mann åtte ein vingard roman (1945)
  • Manns blod roman (1946)
  • Eit anna land roman (1948)
  • Menneskebrunnen roman (1949)
  • Den dyre lov roman (1950)
  • Gard roman (1951)
  • Du er den fyrste novellesamling (1952)
  • Kvinnfolkgarden roman (1955)
  • Dagen før domedag roman (1961)
  • Folket i dei kvite båtane barnebok ([962)
  • Bronsesverdet barnebok (1963)
  • Skutelsveinen barnebok (1964)
  • Den heilage øya barnebok (1965)
  • Syskenlaget barnebok (1966)
  • Vegen til den turre kjelda roman (1966)
  • Fregattar i fjorden barnebok (1967)
  • Ferda mot sør barnebok (1968)
  • - dei spela gullterning novellesamling (1968)
  • Gabriel roman (1969)
  • I kongens klede barnebok (1969)
  • Sølvdenaren barnebok (1970)
  • Den forfylgde barnebok (1970)
  • Munkestrien barnebok (1971)
  • Rusdøler roman (1971)
  • Selja frå Salmeli barnebok (1972)
  • Ferda til Bjørgvin barnebok (1973)
  • Den kvite guden barnebok (1973)
  • På vidvanke barnebok (1974)
  • Sira Dagbjørn barnebok (1975)
  • Til framande strender barnebok (1976)
  • Det pantsette landet barnebok (1977)
  • Høgmessesundagen roman (1977)
  • Brevet til Kongen barnebok (1978)
  • Jøkul-sonen barnebok (1979)
  • Synder roman (1980)
  • Brødet frå havet - Ana Gyria roman (1981)
  • Brødet frå havet - Born av støv roman (1982)
  • Brødet frå havet - Svartesjøen roman (1983)
  • Brødet frå havet - Ljosken frå paradis roman (1984)
  • Seglet og vinden - Syllfest roman (1985)
  • Seglet og vinden - I syndefallets tegn roman (1986)
  • Seglet og vinden - Gullkalven roman (1987)
  • Rømlingen barnebok (1988)
  • Meisterens søner roman (1988)
  • Guds husfolk roman (1989)
  • Karjana roman (1990)
  • Lyhamar roman (1991)
  • Det stutte livet roman (1992)
  • Retten til meg barnebok (1993)
  • Jordparadiset. Kunnskapstreet roman (1994)
  • Jordparadiset. Vårherres nedfallsfrukt roman (1995)
  • Sjå kor dei elskar kvarandre roman (1997)
  • Den unge kongen barnebok (1999)
  • Det saltlause saltet roman (1999)
  • Tusen vårar I. Sigrid Jonsdotter roman (2001)
  • Tusen vårar II. Himmelstigen roman (2002)
  • Tusen vårar IIl. Gud skifter andlet roman (2003)
  • Det forunderlege barnebok (2003)
  • Tusen vårar IV. Ingibjørg roman (2004)
  • Tusen vårar V. Oppkoma roman (2006)
  • Tusen vårar VI. Vårherres urtegard roman (2008)
  • Det store valet 1953
  • Herborg 1975
  • Kongsgildet på Ogvaldsnes 1981
  • Mostraspelet: Kristkongane på Moster 1984
  • Amerikafeber 1986
  • Vetespelet 1994
  • Giskespelet: Arnungane på Giske og Olav Haraldsson 1995
  • Håkonarvarde: Håkon Adelsteinfostre og Kongen med gullhjelmen 1997
  • Spel om Magnus Erlingsson 1999
  • Zetlitzspelet 2000
  • Syng elvestraum 2006

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]